Fres testar liggeunderlag
Fres Festival 2016 nærmar seg med såkalla stormskritt, og det er på tide å tenkje på kva ein skal pakke med seg. Sjølvsagt er det mogleg å kome relativt langt på MacGyver-triks, men på den andre sida skal ein ikkje undervurdere det å ta ein tur på bui og rekvirere noko spesialdesigna utstyr.
Ein av dei mest essensielle delane av campingutstyret ditt, i tillegg til telt, sovepose, varme klede, pengar og godt humør, er liggeunderlaget. Det å ha med seg eit brukandes liggeunderlag vert av kjennarar rekna for å vere eit conditio sine qua non for å sikre ei god natts søvn. Og innanfor det breie feltet av ulike liggeunderlagsteknologiar tronar luftmadrasser over dei gamle polytenskumrullane og til og med dei magisk sjølvoppblåsbare versjonane.
![](http://www.splashandrelax.co.uk/custom/upload/images/products/1/700x700/67000N.jpg)
Bestway luftmadrass – komfortabelt og billig
Så med det føremålet gjennomførte festivalarrangørane ein fire-netters stresstest av to ulike luftmadrasser, for å gi deg som festivalforbrukar det beste grunnlaget for å velje utstyr. Read more