Orions Belte
Det startar med klypp frå fraktefartuget «Sandy Hook», der me møter to av hovudpersonane i filmen, Tommy og Sverre, som guidar utanlandske turistar og syner dei dyrelivet langs kysten av Svalbard. Ein tyskar prøvar å skyte ein isbjørn, noko som i siste sekund blir avverga. Deretter passerar dei ein sovjetisk base.
Men det endar ikkje der! Trioen Orions Belte spelar nikkevenleg, loungepsychete og soulinfusert cheese, og består av allstarteamet Blomstrøm, Holm, KimÅge. Kjente fjes for den erfarne Fresfarar, med opptrednar heilt attende til 2010.
Om du ikkje har hastverk, så bør du ta deg tid til å roe litt ned i kvardagen, kjøpe eit beger og ta deg tre kvarter med Orions Belte på Fres. Reseptfri velvære!