Fres 2024 er over og det var magisk. Vi ønskjer å takke våre økonomiske støttespelarar Kulturdirektoratet, Vik kommune, Sogn Bank, Highsoft, Fresvik Produkt og Accountor Sogn. Takk til NTP for framifrå trykk, til Fresvik Enspire skule og Bygdaheimen for husrom.
Vi takkar også vårt sights & sounds-crew som omfattar lyd, lys, laser og linse.
Takk til alle frivillige som stilte opp under festivalen: Reidun, Susann, Anita, Heidi, Andrea, Hilde, Geir Ove, Eldbjørg, Nikolai, Marianne B., Trude W., Kristin, Leidulf, Ivar, Nann-Ingunn, Stig Ove, Liv, Geoff, Olav, Une, Ove-Henning, Øydis, Vivian, Knut, Hege, Marianne T., Mariusz, Trude O, Amalie, Rikke, Sean og William.
Kaia, Mari, Helene, Trude og Maren for alt vi veit dei gjer og alt vi ikkje får med oss at dei gjer for å få festivalen i hamn. Stig har både metta artistar og stilt dialekta si til disposisjon for underhaldning. Bjørg og hennar frivillige har nok ein gong laga get-in-mat til artistane. Pål får enorm takk for profesjonell stage managing. Bjørn og Syver har vore uunnverlege før, under og etter festivalen. Rikke sikrar artistvelferden. Geir, Petter, Christian, Bjørn, Mats og Roger, samt Sigrid og siderlauget har passa på at festivalpublikum aldri skal gå tørste, og Yada og Bien har metta oss. Vi takkar ungane våre, som i varierande grad har lydd og hjelpt til, og besteforeldre for å passe dei og trø til når det trengst.
Takk til alle artistar og sjølvsagt vårt fantastiske publikum.
Som vanleg til sist og ikkje minst får Jon og Elisabeth den aller største takken.
Sjåast til neste år!